Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet


 

 


Meny

- Kva er pyntegrønt? -
Tre aktuelle definisjonar

På desse sidene har eg brukt desse definisjonane:
I
  • Pyntegrønt: Alle slag materiale frå naturen brukt til pynt i alle former. Også juletre.
  • Klippegrønt: Bar i hovudsak av gran, edelgran og sypress.
  • Snittgrønt (dekorgrønt): Finare klippegrønt. Også kristtorn.
  • Naturmateriale: Alt anna frå naturen brukt som dekorasjon, trerøtter, mose ...

I tillegg vil du nok også finne andre ord som ikkje er definerte i lista over. Språkbruken er med andre ord noe inkonsekvent.

Statens landbruksbank har i eit hefte i 1997 definert pyntegrønt til å omfatte:
II
  • Juletrær
  • Klippegrønt
  • Kvister til driving
  • Innsamlet materiale fra naturen
  • Blomster for tørking

Ellen Finne Grimsby, ein av pionerane og kapasitetane innan pyntegrønt, bruker helst litt andre definisjonar (skjematisert frå ein e-post til meg i 1999. Håper det er OK at eg bruker det, Ellen):
III
  • pyntegrønt: bar av gran og edelgran
  • snittgrønt (dekorgrønt): finere dyrkete ting
  • naturmaterialer: alt som vi sanker i skog og mark
Juletre er her sett i ein eigen kategori, utanom pyntegrønt. Dette er ikkje uvanleg. Dei første pyntegrøntlaga hadde såleis gjerne både pyntegrønt og juletre i namnet sitt. Ein av forløparane til Mandal og Lister pyntegrøntlag heitte frå byrjinga av Vestre Vest-Agder juletre- og pyntegrøntlag.

 

Diskusjonen om definisjonane er nok ikkje slutt med dette. Det hadde vore svært greitt å fått eintydige, landsdekkande definisjonar, ikkje minst med tanke på marknadsføringa. Kven kan ordne dette? Bør fagmiljøa samordne dette, eller er det ei oppgåve for Norsk språkråd?


Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 18. oktober 2011
Nettside:  www.stuestoel.no