Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

Fagdagen 12. september 2009

Gunnleiv med saksa
Gunnleiv Kaddan med saksa

Planting av gran
Planting (i plenen!)

Veret var strålande, om enn litt utrygt denne dagen heime hos Gunnleiv Kaddan på Ro litt aust for Mandal. Vi kunne bare ta det roleg meinte Gunnleiv, vermeldingane hadde sagt at høgtrykket låg i Ro.

Dermed kunne han ta på med dagens oppgåve som var å informere medlemmene i pyntegrøntlaget om ulike område innan produksjonen, frå å vise eksempel på hendig utstyr til fakta om dyrking av buksbom. Pyntegrøntroduksjon er ei blanding av sundt bondevett, biologi på høgt nivå, effektiv merknadsføring og ein heil del andre spesialitetar.

Skal næringa skal løne seg, er mellom anna produksjonsutstyret svært viktig. Kjøp kvalitet dersom det er verktøy du bruker mykje, lag reiskap sjølv dersom du meiner produsentane tar for høg pris eller held for dårleg kvalitet, eller at det ikkje er oppfunne ennå. Det var forresten litt oppmuntrande å sjå at også meisteren hadde klipt over kabelen til saksa.

Eksempel på utplantingsplanter
Eit utval planter

Utanom ulike verktøy viste han også eit utval av utplantingsklare planter av ulike sortar og variantar til ulike former for pyntegrøntproduksjon. Sjølvsagt fekk vi med kva dyrkingsforhold, jordslag, gjødsling og anna stell dei ulike artane kravde. For å få den rette fargen krev noen full sol medan andre bør dyrkast under skjerm, noen blir best i sur jord, andre basisk. Ikkje ukjende problemstillingar for den som har drive med plantedyrking tidlegare.

I juletrefeltet
I granfeltet

Neste post var omvising i eit av plantefelta. Her var det litt av alt. Framtidige juletre og morplanter for klippegrønt.  Sidan temaet var blåkristtorn, var det naturleg at vi studerte og drøfta nettopp dette dyrkingsfeltet nokså inngåande. Blåkristtorn er litt meir hardfør enn vanleg kristtorn (H3 mot H2) og såleis eit litt utvida dyrkingsområde. Feltet var tilplanta med 10% hannplanter. Dette skulle vere nok for å få god bærsetting. Dette er ein ny produksjon, så sjølvsagt gjekk praten livleg omkring alt frå dyrking til omsetting. Planteavstanden 1 meter og radavstanden 2,5 m blei grundig diskutert. Truleg er dette i minste laget når buskane veks til, og burde vore utvida med ein halv meter i kvar retning.

Mangelsjukdom på gran
Eksempel på mangelsjukdom
i småplantane

Etter matpausen med kaffi kokt over leirbålet var resten av dagen avsett til klippegrønt. Vi fekk ein tur gjennom ulike plantefelt med ulike kulturar. Kanskje verd å nemne at vi også fekk med oss ei edelgran som å år kunne feire hundreårsjubileum for plantinga. Dette var det siste treet av eit lite felt som blei planta i 1909.

Gul sypress
Grein av gul sypress

På turen kom vi forbi eit par tre med skikkeleg gul sypress. Alt som normalt er grønt var her gult. I eit anna felt fekk vi sjå resultatet av poding av edelgran og også kva som skjer når du tar podekvistane for langt nede på mortreet: Den poda kvisten vaks som ei grein og ikkje som eit nytt tre. Mange omsyn å ta. I eit villniss fann vi eit felt med storblada buksbom. Desse plantane gav best farge når dei sto under skjerm. Diverre, eller heldigvis vil noen seie, er rotnettet så grunt at det ikkje er råd å bruke kjemisk ugrasbekjemping. Her må altså ryddesaga eller andre reiskap til når feltet er klar for hausting.

Skog av krussypress
Eventyrskogen av krussypress

Det siste feltet var eit nokså viltvaksande krussypress. Nesten som å kome inn i ein undersjøisk skog. Det blei ikkje klipt så mykje i dette feltet, men det blei likevel halde ved like ved at konkurransetoppar og andre uønskte utvekstar blei fjerna. Vi fekk også sjå snøbrekk som eit resultat av at treet hadde fleire toppar.

Blå nobilis
Blå nobilis

Ingen fagdag utan demonstrasjon av klipping og bunting. det finst mange ulike prinsipp for klipping, men er vel eigentleg ikkje utført skikkelege forsøk om verknaden av dei. Kva metode som gir best og mest bar gjennom ein høveleg haustingsperiode. Her bruker dei fleste den metoden dei føler for høver. Kvalitetskrava for det ferdige baret og dei ulike buntane er derimot udiskutable innføre kva baret skal brukast til. Sjølv om det ikkje var sesong for alle typar klippegrønt akkurat nå, viste Gunnleiv korleis han ville klippe noen edelgraner både for å få best mogleg bar, men også med omsyn til framtidig hausting. Bare ein liten hasselbusk hadde øydelagt fleire greiner på eitt av trea. Det er altså også viktig å halde feltet reint for andre planter. Står trea for tett, vil dei også kunne øydelegge for kvarandre. Igjen er det mange omsyn å ta. Dei nedste greinene gir som oftast lite brukbart bar. Difor klipte han bort den nedste meteren eller så for å styrke resten av treet og for å gjere det lettare tilgjengeleg.

Klipp frå stige

Klippinga av edelgran og sypress gjekk føre seg frå bakken, ved hjelp av stige og ved god gammaldags klatring i treet. Sjølvsagt var saksa montert på teleskopstang svært nyttig både frå marka og frå stigen. Finpussen av greinene blei gjort på bakken. Krava til dei ulike greinene blei bestemt av kva dei skulle brukast til og om det blei klipt bunt eller bukett. Dyrkarane kan nok ha ulike meiningar om kva som er finast og best, men trass alt er det kjøparen som bestemmer.

Då skyggane blei lange, hadde nok dei fleste absorbert dagens kvote av kunnskap. Alle gjekk heim med i det minste litt meir kunnskap enn dei hadde på morgonen. Sjølv opplevde eg at eg framleis har mykje å lære om pyntegrønt, både dyrking, stell og bruk av ferdige produkt.

 

Saknar du meir konkrete opplysningar i reportasjen om fleire ting innan pyntegrøntproduksjon? Sidan interesseområdet er ulikt for kvar enkelt, er det uråd å ta med detaljane i eit kort referat. Vonleg kjem det meir utfyllande artiklar etter kvart. Det sikraste er kanskje å bli medlem i pyntegrøntlaget. Då får du dei aller fleste opplysningane du måtte ha bruk for.

 

 

Samling i feltet med blåkristtorn
I feltet med blåkristtorn

Morplante for juletre
Nær perfekt juletre, men for stort.
Blir brukt som grunnlag for nye juletre

 

 

Gunnleiv Kaddan er ein av pionerane innan pyntegrønt. I tillegg er han av den nysgjerrige typen som gjerne utforskar nye ting og forbetrar både produksjonsmetodane og plantematerialet. Han driv eigen forsøksstasjon med oppformering av utvalde planter, kryssingsforsøk,  prøvedyrking osv. Kanskje den i landet som for tida veit mest om pyntegrønt i alle tydingar av ordet. Han har også utvalde planter for sal til medlemmene, og kan ale fram planter med bestemte eigenskapar på bestilling.

 

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 2. august 2019
Nettside:  www.stuestoel.no