Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 
Velkomman til fagdag

For å kunna halda oppe kvaliteten på profukta, har medlemmene i Mandal og Lister pyntegrøntlag fleire møte med mottakarane i løpet av året. Eitt av dei viktige møta er «Fagdagen» som blir halde utpå hausten heime hos ein av produsentane. Fagdagen blir vekselvis arrangert i Mandalsregionen og Listerregionen. I år var dagen i aust, hos Gunnleiv Kaddan på Ro, nokre kilometer aust for Mandal. Gunnleiv har dyrka og foredla pyntegrønt i over 60 år, og er kanskje den i Noreg som kan mest om pyntegrønt i alle variantar, så han er det verd å høyre på.

 

velkomen

Den første delen inneheld litt praktisk orientering, mellom anna om sjølve programmet for dagen, men også om planteproduksjon og foredling. (Diverre gløymde eg å be om løyve til å offentleggjere namna på dei involverte, difor manglar desse).

 

 

 

 

 

Klipping av buksbomd
studier

Slik klipper du storblada buksbom. Villvin (til høgre i bildet) brukt som skyggeplanting. Kursdeltakarane følgjer ivrig med og har mange spørsmål undervegs.

 

 

 

voksthuja
voksthuja

Til venstre ein kvist av vokstuhja og litt om korleis klippe ein bestemt plante for å få mest mogeleg bar dette året og åra etter.

 

 

 

 

bunting
Bunting av nobilis og anna pyntebar.
voksthuja

Edelgranene lagar konglar i toppen av treet. Når ein skal krysse ulike variantar i foredlingsarbeidet, er det nokså upraktisk å klatre 20 meter opp for først verna blomsten mot framandpolibnering, deretter å pollinere med ønskt pollen og deretter henta frøa. Løysinga er å pode inn kvister frå toppen av eit passeleg gammalt tre inn i ein høveleg grunnstamme. Dermed kan arbeidet gjerast frå bakkenivå. Bildet viser pinnane frå blomstringa i fjor og nye kongler av året.

 

 

 

 

voksthuja
voksthuja

På alle slike samlingar er det alltid god og variert grillmat, ikkje berre pølser.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  mottakar mottakar mottakar

Mottakarane orienterte om korleis dei ønskjer baret levert.

avslutning

Mange interesserte tilhøyrarar. Dette lover jo bra for den største regionen for levering av pyntegrønt. Det blir nok ein god del tonn pyntegrønt med topp kvalitet i år også.

Skillelinje

Om pyntegrøntlaget og sidene

For alle som driv med pyntegrønt i ei eller anna form, er det nesten nødvendig å også vere medlem i eit pyntegrøntlag. Etter kvart er det nok råd å hente ein god del kunnskap t.d. på Internett, men alle dei små detaljane er det stort sett bare andre produsentar som kan gi svar på. Dei lærerike samtalane får ein helst ute i plantefeltet. Mange av medlemmene i laget har drive med pyntegrønt i 30-40 år eller meir, og sit inne med store kunnskaper innan faget. Dessutan kjem det i slike situasjonar gjerne fram noen gode historier i tillegg.

Sidan desse sidene er opne for alle, har eg i denne reportasjen sløyfa ein del faglege opplysningar som bare er tilgjengelege for medlemmene i Mandal og Lister pyntegrøntlag. Eg håper du har forståing for det.

Innhaldet på denne sida står for mi rekning og treng ikkje vere pyntegrøntlaget si meining.


Kolbjørn

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Fagdagen 2024 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 15. september 2024
Nettside:  www.stuestoel.no