Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 
Fagdagane kan føre til så mangt, også til praktfult utsyn. Denne gongen over ein liten del av Farsund

Fagdagane er obligatoriske for alle som skal lever bar og er medlem i Mandal og Lister pyntegrøntlag. Dette er for å sikra at mottakarane får same kvaliteten same kven som leverer.

Fagdagen blir vekselvis arrangert i Mandalsregionen og Listerregionen. I år var dagen i vest, hos Kristian Sola i Farsund.

kursing

Etter det eg veit, har det aldri vore så mange på ein fagdag før. Rundt 40 frammøtte. Sjølv om kanskje ikkje alle skal levere bar i år, ser det ut til at regionen kan klare å dekke behovet. Trass alt blir nokså mykje av norskprodusert bar levert frå denne regionen. Dei største konkurentane er ikkje norske, men utanlandske.

Den første delen av programmet gjekk føre seg på heia over Ravneheitunnelen. Her blei det orientert om ulike bartypar og sorteringar. Alt blei gjennomgått, frå klippinga på treet til dei ferdige buntane.

juletreplantasje
Frå eitt av plantefelta.
fagsamling
Stolpane i bakgrunnen er for viltgjerdet.
studier
Både forskriftene og
studier
greiner blei grundig studert.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den andre delen av fagdagen blei halden nede ved «hytta». Her var det både servering av diverse grillrettar og igjen mykje fagprat.

fagsamling
Ligos orienterte om både fortida og framtida.
fagsamling
Mykje god mat blei servert.

Som vanleg på desse møta, mykje for hjernen og mykje for resten av kroppen. Sjølvsagt er den sosiale delen av ei slik samling også svært viktig. Dette med å kunne snakke fagprat med folk som veit kva dei snakkar om og har same interessene som du har.

 

juletreplantasje
Livleg prat før heimreisa.
fagsamling
Mykje sopp var det forresten også.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skillelinje

Om pyntegrøntlaget og sidene

For alle som driv med pyntegrønt i ei eller anna form, er det nesten nødvendig å også vere medlem i eit pyntegrøntlag. Etter kvart er det nok råd å hente ein god del kunnskap t.d. på Internett, men alle dei små detaljane er det stort sett berre andre produsentar som kan gi svar på. Dei lærerike samtalane får ein helst ute i plantefeltet. Mange av medlemmene i laget har drive med pyntegrønt i 30-40 år eller meir, og sit inne med store kunnskaper innan faget. Dessutan kjem det i slike situasjonar gjerne fram nokre gode historier i tillegg.

Sidan desse sidene er opne for alle, har eg i denne reportasjen sløyfa ein del faglege opplysningar som bare er tilgjengelege for medlemmene i Mandal og Lister pyntegrøntlag. Eg håper du har forståing for det.

Innhaldet på denne sida står for mi rekning og treng ikkje vere pyntegrøntlaget si meining.


Kolbjørn

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 22. mars 2018
Nettside:  www.stuestoel.no