Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

Fagdagen 2016

Velkomman til fagdag

I Mandal og Lister pyntegrøntlag har det alltid vore mykje utveksling av erfaringar mellom medlemmene. Så intens har denne utvekslinga vore at i dag er nok laget samla sett den støste ekspertgruppa i landet på produksjon av snittgrønt. Gruppa er også svært gode på produksjon av juletre. Som ein del av dette programmet blir det kvart år halde ein fagdag der ulike emne innan pyntegrøntproduksjonen blir tatt opp. I tillegg blir det sjølvsagt ein god del fagprat person til person.
Fagdagen blir vekselvis arrangert i Mandalsregionen og Listerregionen. I år var dagen i vest, hos Oddvar Teistedal i Kvinesdal.

serveringsdamene

Då vi kom til gards, blei vi ønskte velkomen med kaffi og nysteikte vaflar servert av noen hyggelege damer. Som tilbehør kunne vi velje mellom fleire slag heimelaga syltetøy.

Johannes Løvland

I første delen av programmet presenterte Johannes Løvland ein del forskningsresultat og andre praktiske og nyttige opplysningar. Her blei det diskutert både optimale pH-verdiar i jorda for dei ulike treslaga og ulike former og mengder for gjødsling. Sjølvsagt blei også ulike gjødselslag omtalte. Utan å gå i detlajar om kor mange gram nitrogen dei ulike trea skal ha, kan vel ein god tommelfingerregel vere at ein gjødslar med 40 kg. fullgjødsel for kvart tonn bar som blir tatt ut.

 

studier

 

Det neste innslaget var ved Gunnleif Kaddan, som fortalde om og viste fram eksempel på ulike feilvarer og plantesjukdommar. Ein del feil er genetiske. Desse kan ein sjølvsagt ikkje gjere anna med enn å felle treet. Ein viss prosent av frøplanter av nobeledelgran, kor stor prosent er avhengig av kryssingsmetoden, får gule nålespissar. Dette er ein genetisk feil, men er lett å luke ut alt første året i planteskolen. Andre avvik kjem av sopp, bakteriar eller insekt, og kan av og til behandlast, av og til ikkje. Det blei også vist kva dyrkaren kan gjere sjølv i dei tilfella der plantene for eksempel blir dyrka i feil jord eller på feil stad.

I begge innslaga blei det også drøfta «kustig» farging av granbaret. Det er ikkje så drastisk som det kan høyrast ut. Løyndommen er å gjødsle med rett mengde nitrogen til rett tid. Rett tid er medan treet har rotvekst om hausten, utan barvekst.

  vrak vrak vrak vrak

Frå venstre: Buksbom dyrka i sol/skygge, gule nålespissar, misfarga bar, bladlus

tur

Sjølvsagt var det også avsett tid til ei markvandring rundt i eit interessant felt. Med ei levering på rundt 5 tonn i året, er Oddvar nøydd til å tenke rasjonelt. Han produserer stort sett gravdekke og bukettar. Nobilistrea kappa han rett av i 4-5 meters høgd. Dei nedste greinene klipte han til gravpynt så høgt han kunne nå frå bakken. Resten klipte han til bukettar, då frå stige. Baret blei lagt i eit system i haugar med 50 kvistar i kvar haug. Med vanleg fuktig haustver kunne då kvistane ligge ute nokså lenge utan å tørke inn eller mugne. Blei det for tørt, måtte hageslangen fram. Når leveringsdagen nærma seg, samla han inn haugane og pakka dei ferdige.

tur

 

Oddvar hadde ein plan om å forme trea slik at mest mogleg av baret kunne klippast frå bakkenivå. Å fly opp og ned av stigar er for tidkrevande, meinte han. Som ein ekstra bonus rekna han med å kunne klippe nokså mykje frå rullatoren når den tid kanskje kom.

Nobilisfeltet blei opphavleg planta for å lage juletre, men då trea var klare til hogst, var juletre av nobilis gått av moten. Difor sto trea nokså tett. Det blei sjølvsagt mykje diskusjon om planteavstanden, men konklusjonen blei vel at med den produksjonsmåten han bruker, fekk baret nok lys likevel. Han klipper kvart år.

 

  • tur tur

Under rundturen i klippefeltet fann vi mange eksempel å diskutere. Små detaljar om korleis baret for gravdekke skal skråklippast i foten til eksempel på sviskade på grunn av gjødsling i tørt ver.

Vel tilbake igjen etter ein svært lærerik tur venta grillmaten. Sjølvsagt også nå med diverse fagprat. Det skal meir enn eit godt måltid for å stopp interessa for å lære noe nytt.

  Grillkokken  
tur

 

 

 

PS. Vegen var godt skilta så alle fann fram --- trur eg.

Takk for ein lærerik og hyggeleg dag.

 

 

Skillelinje

Om pyntegrøntlaget og sidene

For alle som driv med pyntegrønt i ei eller anna form, er det nesten nødvendig å også vere medlem i eit pyntegrøntlag. Etter kvart er det nok råd å hente ein god del kunnskap t.d. på Internett, men alle dei små detaljane er det stort sett bare andre produsentar som kan gi svar på. Dei lærerike samtalane får ein helst ute i plantefeltet. Mange av medlemmene i laget har drive med pyntegrønt i 30-40 år eller meir, og sit inne med store kunnskaper innan faget. Dessutan kjem det i slike situasjonar gjerne fram noen gode historier i tillegg.

Sidan desse sidene er opne for alle, har eg i denne reportasjen sløyfa ein del faglege opplysningar som bare er tilgjengelege for medlemmene i Mandal og Lister pyntegrøntlag. Eg håper du har forståing for det.

Innhaldet på denne sida står for mi rekning og treng ikkje vere pyntegrøntlaget si meining.


Kolbjørn

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 6. januar 2023
Nettside:  www.stuestoel.no