Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 
 

Velkommen til pyntegrøntsidene

Desse sidene handlar mest om dyrking og omsetjing av pyntegrønt i alle former. Litt om juletre, men mest om det vi kaller snittgrønt, altså diverse former for avskorne greiner o.l.
Du kan også finne tips om bruk av pyntegrønt, stell av juletreet etter at det er kome i hus og andre ting som har med pyntegrønt å gjere.

ferdigvare
Nokre eksemel på ferdige produkt. Bildet er frå ein fagdag for produsentane.
bukett
Pyntegrønt er mykje meir enn julepynt

Pyntegrønt er i denne samanhengen alt av naturmateriale som blir brukt som pynt på ein eller annan måte. Nokre kvistar gul sypress til påskepynt eller ei flott edelgran til juletre. Nokre eføyranker til bordpynt eller ein bukett med granbar som pynt på grava. Nokre buksbomkvister som grunnelement i ein blomsterdekorasjon eller ein kvist vrihassel for å få høgde på dekorasjonen. Alt dette er pyntegrønt.

Vi i Mandal og Lister pyntegrøntlag deler gjerne kunnskapane våre med andre, så du er velkomen til å klikke deg rundt på lenkene du finn på dei ulike sidene. Skulle du ha spørsmål, eller av andre grunnar ønskjer kontakt med laget, er du hjarteleg velkomen.

Det finst ikkje eksakte tal for kor mykje pyntegrønt som blir omsett i Noreg, men ein reknar med ca. 500 tonn i året. Det aller meste kjem frå vestre Vest-Agder. Så er du interessert i pyntegrønt, er Mandal og Lister pyntegrøntlag den rette staden å byrja, også om du bur utanfor dette området.

kaffikjelen
Viktig på kursdagane

Dei første nettsidene våre om pyntegrønt blei opna 1. mars 1999 (av Lister pyntegrøntlag). Laget fekk det nåverande domenet i oktober 2011. Mykje av innhaldet frå dei første åra er tatt vare på. Noko fordi det er av historisk interesse men også fordi ein del av det framleis er nyttig og relevant, eventuelt med litt justeringar.

Du kan kontakte leiaren av laget eller ansvarleg for nettsidene via e-postadressene nedst på sida eller via menyinnslaget «Kontakt» → «Tilbakemelding» eller andre måtar som måtte passe.

Sjå gjerne innom Facebooksida vår. (Lukka gruppe).

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 2. august 2019
Nettside:  www.stuestoel.no