Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

Juletrekvalitetar

Samandrag av rapporten «Juletrekvalitetar i edelgran frå Europa, Asia og Nord-Amerika» av Hans Nyeggen, Jan-Ole Skage og Åge Østgård utgitt på Norsk institutt for skog og landskap i april 2010. Rapporten kan lastast ned frå Skog og landskap

Føremålet med forsøka var å eventuelt finne treslag som var betre eigna til juletreproduksjon i dei aktuelle områda enn dei som nå er mest brukte. Konklusjonen er vel at ingen av dei prøvde treslaga og proveniensane var betre enn dei som blir dyrka i dag. Likevel kan noen av sortane ha eigenskapar som kanskje bør foredlast. Her er altså rom for vidare forsøk.

Rapporten er eit resultat av prøvedyrkingar på 7 lokalitetar spredd utover i låglandet (opp til 170 m.o.h.) frå Lyngdal til Trondheim. Tre av felta var i Ryfylkeområdet. Sankeområda for frøa er oppgitt i rapporten så langt dei har kunna sporast. Frøa blei sådd i åra 1990-92. Plantene blei sette ut våren 1994 og våren 1995. Vurderingane blei gjort fortløpande fram til 12 og 14 vekstsesongen (frå frø).

Fremst i rapporten er det ei grundig gjennomgåing av dei varierande namna som er brukte gjennom tidene på dei ulike edelgransortane. Det er såleis lite tvil om kva sortar som blir meint. I dette samandraget bruker eg dei vanlegaste norske namna. Dei vitskaplege namna er lista opp nedst på sida.

Ikkje uventa viste forsøka at plassering, inngjerding og vedlikehald av felta kanskje er like viktig som valet av treslag. Dei felta som låg på sletteland der kaldlufta ikkje kunne renne av, blei skadde av frost. Dårleg eller manglande gras- og lauvtrerydding førte til dårleg vekst. Ingen av felta var inngjerda mot hjortevilt. I område med stor bestand av desse, blei det gjort store skader på trea. Også skader etter husdyr blei registrert. Vekslande jordtyper gjorde også utslag på resultata.

Dei ulike treslaga

Normannsedelgran, tyrkisk edelgran og trojansk edelgran

Alle desse gav høgt juletreutbytte (73 % - 77 %) i Hjelmeland med mildt vestlandsklima. Mindre utbytte i Tronheim. Desse treslaga høver best i mildare kystklima. Tyrkisk edelgran var minst utsett for hjortedyrskader dersdom dyra hadde fleire treslag å velje mellom. Røtene til nordmannsedelgrana tar skade ved jordtemperaturar under ca. -8 °C. Altså lite eigna der jordtemperaturen går under dette. Tyrkisk og trojansk edelgran skyt tidleg om våren og er difor utsette for sein vårfrost. Danske forsøk viser at knoppsprett likevel kan variere med opp til 1 månad for tre frå same proveniens.

Fjelledelgran og korkedelgran

Desse to slaga er generelt ikkje spesielt godt eigna til juletre. Lågt til middels juletreutbytte med noen få unntak. Montanaproveniensane kan vere aktuelle i låglandet i område som er trygge for sein vårfrost.

Fraseredelgran

Viste svært god vekst og greidde seg bra i område som ikkje blei rydda for gras og lauvtre. Har også nokså tett med internodiegreiner, men desse er for små til å gi nemnande utfylling. God overvintring. Gav lågt juletreutbytte p.g.a. den raske og ein del usymetrisk vekst. Nokså opne og glisne. Ein del skade av sau. Kan vere aktuell dersom ein gjennomfører toppskotregulering og formklipping.

Nobeledelgran

Dette treslaget er utsett for vinterskader i område med sterk vinterkulde og er tørkesvak. Ingen vinterskader påvist i feltet i Lyngdal. I sørlegare og lågareliggande strok, er veksten gjerne for kraftig. Der treet trivst, kan årsskota bli for lange. Det ser ut til at veksestaden er viktigare enn proveniensen som er brukt, men det er gjort for få forsøk med nobeledelgran som juletre til at det er råd å uttale seg sikkert om dette.

Koreaedelgran

Noe varierande overleving og juletreutbytte, men proveniensane Halla-san og Holsten (kultivar) gav godt juletreutbytte i Indre Nordfjord (71 % og 58 %). Rapporten konkluderer med at koreaedelgran kan vere aktuell i indre og midtre strok på Vestlandet og i Trøndelag på stader stader som ikkje er utsette for haustfrost.

Andre edelgransortar

Også praktedelgran, shastaedelgran, mandsjuriaedelgran, japanedelgran og vanleg edelgran var med i forsøka. Konklusjonane for desse er stort sett at dei er ueigna til juletre, eller at for få proveniensar er utprøvde.

Plantenamna

Ikkje alle sortane av edelgran har eintydige namn. Taksonomane (dei som bestemmer dei vitskaplege namna) kan ha problem med å finne ut kvar i systemet ein bestemt sort skal plasserast. Difor har eg tatt med noen av merknadane rapporten har om namnebruken.

Normannsedelgran: Abies normanniana Spach.

Tyrkisk edelgran: Ein del taksonomane har plasser denne som ein underart av normannsedelgran: Abies normanniana subsp. equi-trojan. Andre har sett treslaget opp som ein eigen art: Abies bornmuelleriana Mattf. Endeleg meiner noen at det er ein overgangsart.

Trojansk edelgran: Like forvirrande som for tyrkisk edelgran. Blir dessutan av noen skild ut som eigen art: Abies equi-trojani (Asch. et Sint. ex Boiss) Mattf.

Fjelledelgran: Abies lasiocarpa. Noen bruker dette namnet på treslaget som kjem frå kystområda i Alaska og Kanada og kallar arten som kjem frå fjellområda for Abies bifolia.

Korkedelgran: Blir av mange rekna som ein varietet av fjelledelgrana.

Fraseredelgran: Abies fraseri (Pursh) Poir.

Nobeledelgran: Abies procera Rehd.

Shastaedelgran: Variant av nobeledelgran. Blir av noen taksionomar rekna som ein hybrid mellom magnifica og procera.

Koreaedelgran: Abies koreana

Praktedelgran: Abies magnifica Andr. Murray.

Shastaedelgran: Abies magnifica var shastensis Lemmon.

Mandsjuriaedelgran: Abies holophylla Maxim.

Japanedelgran: Abies firma Sieb. et Zucc.

Vanleg edelgran: Abies alba Mill.

Adresser

Rapporten «Forskning fra Skog og landskap - 2/10, Juletrekvalitetar i edelgran frå Europa, Asia og Nord-Amerika» kan også tingast i papirutgåve frå
Norsk institutt for skog og landskap
Postboks 115, 1431 Ås
Telefon 64 94 80 00
Telefaks 64 94 80 01

Du skal kunne finne nærare opplysningar også på framsida for www.skogoglandskap.no
(eg har ikkje kome inn på sida. Feilmelding: «Tenaren på www.skogoglandskap.no brukte for lang tid på å svare» eller noe i den duren).


Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 8. mars 2016
Nettside:  www.stuestoel.no