Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet


 

 


Meny

Planter for pyntegrøntproduksjon

På denne sida har eg forsøkt å gi eit oversyn over dei mest aktuelle plantene som blir brukte i produksjon av pyntegrønt. Utvalet er på ingen måte fullstendig. Nye materiale blir tatt i bruk, medan andre blir umoderne eller bruksmåtane endrar seg. Noen planteslag blir brukte i store mengder, andre meir tilfeldig etter kva som er for hand når dekorasjonane skal lagast. Ulike moteretningar betyr også ein del. Heldigvis svingar motane nokså sakte for dei varene det går mest av. Årlege motelune råkar helst materiale som blir brukte i mindre volum. Greier du å fange opp desse årlege lunene, kan du gjere det godt, men bransjen er vanskeleg å satse på sidan det er vrient å forsere dyrkingstida.

Lista er kanskje ikkje heilt oppdatert, men gir ein god peikepinn på kva som kan brukast.

Planter for juletreproduksjon

Tabellen er eit lite forsøk på å gi eit enkelt oversyn over tre som kan vere aktuelle i juletreproduksjon. Lista er på ingen måte meint å vere utfyllande. Skulle du ha andre erfaringar, tar vi gjerne i mot kommentarar.
Sonetala er sett delvis etter personleg skjønn. Lista blei utarbeidd i 2002, og bør kanskje oppdaterast med tanke på nyare planteslag og forsøk.

Namn Verdi som juletre Veksestad Merknad
Picea abies
vanleg gran
Det vanlegaste juletreet. Lite nålefast Djup sandjord. Middels til låg bonitet. Nesten heile landet.  
Picea engelmannii
Engelmannsgran
Stive greiner. Variantar (krysningar?) kan ha vond lukt. Høgareliggjande område. Næringsrik, god jord. Tåler vind. Fargevar. frå blå til grøn
Picea omorica
Serbergran
(Søylegran)
Slank. Må formklippast. Mjuke greiner. Varmekrevande (sone 3?), i le for vind. Baserik grunn. Utsett for haustfrost
Picea pungens
Blågran
Grøne eksemplar gir gode juletre Innlandet. Sone 2-4? Fargevar. frå blå til grøn
       
Abies koreana
Koreaedelgran
Svært dekorativ. Nålefast. Varmekrevande (Sone 3?) Krev mykje stell
Abies procera
Nobelgran
Grøne variantar svært gode Kyststrok Sør- og Vestlandet. (Sone2-3) Fargevar. frå blå til grøn. Hovudsort innan klippegrønt
Abies alba
Vanleg edelgran
Godt brukbar. Vid, open greinsetting Noe varmekrevande. Ikkje heilt ute ved kysten  
Abies nordmanniana
Nordmannsedelgran
Svært god. Danskane sitt hovudprodukt innan edelgran Kyststrok Sør- og Vestlandet  
Abieslasiocarpa
Fjelledelgran
Svært god. Satsingssort for norsk juletreprod. Innlandet. Høgare strok  
Abies amabilis
Purpuredelgran
Brukbar Som vanleg gran  
Abies sibirica
Sibiredelgran
God. Smale tre. Innlandet. Svært hardfør  
       
Pinus sylvestris
Vanleg furu
God Heile landet i barskogområda Krev mykje stell
Pinus cembra
Sembrafuru
God. 5 nåla. Lange nåler. Omlag som silvestris.  
Pinus mugo rostrata
Bergfuru
Kan bli svært god Omlag som silvestris.  
       

Det finst også andre treslag som blir brukte til juletre. Avhengig av moteretningar og lokale variasjonar.


 

Planter for produksjon av klippegrønt

Lista er ei oppramsing av ein del planter som blir omsett til dekorasjonsgrønt. Lista er på ingen måte uttømmande og er stort sett eit resultat av diverse kursnotat. Eg har ikkje tid og kunnskapar nok til å skrive utførleg om kvart planteslag, sjølv om eg kjenner noen av dei frå eigen åker. Kanskje noen føler kallet?

Ein del av plantene i denne lista har vist seg å ikkje slå heilt an som dekorasjonsmateriale av ulike grunnar. Noen har ikkje falle i smak hos kjøparane, andre veks for seint eller er problematiske å transportera. Pyntegrønt er ferskvare, noe ikkje alle butikkane har skjønt. Dermed blir bar o.l. som ikkje tåler butikkopphaldet også strokne frå omsetjingslista.

Edelgran-artane
(Abies)
Mykje brukt, men går helst under grovare snittgrønt, gravdekke o.l. (Ofte saman med gran)
Gran-artane
(Picea)
Mykje brukt, men går helst under grovare snittgrønt, gravdekke o.l. (Ofte saman med edelgran)
Buksbom
Buxux sempervirens
Den arten ein finn i mange gamle hagar har små, tyttebærliknande blad, og blir brukt til pyntegrønt.
Finst også variantar med store blad. Årleg forbruk ca. 5 tonn.
Sypress
(Chamaecyparis)
Ei svært interessant og stor slekt med mange variasjonar. Her bare noen eksempel.
(Eigentleg lawsonsypress, ekte sypress (Cupressus) er noe anna og kan ikkje dyrkast i Noreg. I daglegtale er likevel «sypress» blitt så innarbeidd at det også blir brukt i pyntegrøntsamanheng.) 
Vanleg sypress Chamaecyparis lawsoniana
Landsforbruk ca. 100 tonn i året. Hovudsakleg til kransbinding.
Vanleg sypress har ei mengd variantar, både med omsyn til bladform og farge. Fargen kan vere frå mørk grøn, via meir eller mindre blågrøn til gul. Difor kan ein godt finne andre og kanskje betre(?) arter enn dei som er nemnde i lista.
Blå sypress Chamaecyparis lawsoniana "Allumii" og andre
Mindre populær enn venta. Mest fordi blåfargen er lite synleg i lampelys
Gul sypress Chamaecyparis lawsoniana "Stewardi" og andre
Ikkje så mykje brukt førebels, men reknar med at dei gule variantane kjem sterkare når det blir meir vanleg å pynte også til påske.
Ertesypress Chamaecyparis pisifera
Har mange variantar. Hovudforma ikkje i bruk. Noen av kultivarane gir svært fint og særeigna pyntegrønt, t.d.:
Krussypress Chamaecyparis pisifera "Squarrosa" ell.
 
Trådsypress Chamaecyparis pisifera "Filifera"
Finst også ein gul variant, "Filifera Aurea". Ikkje brukt.
Sibirkornell
Cornus alba "Sibirica"
 
Vrihassel
Corylus avellana "Contorta"
 
Japanseder, Kryptomeria Cryptomeria japonica Kan klippast nesten heile året. Omsett i bunt á 1 kg. Greinlengde ca. 50 cm.
Hebe
Hebe odora "Torshamn"
 
Bergflette, eføy
Hedera helix
Både viltveksande og foredla variantar blir brukte
Kristtorn
Ilex

Finst i mange ulike variantar som t.d.
  Vanleg kristtorn (Ilex aquifolium) og
  Blåkristtorn (Ilex mezervae)
og etter kvart mange andre. Er stadig under utforsking.
Dei blå skal vissnok vere noe meir herdige enn vanleg kristtorn.

Einer, vanleg
Juniperus communis
Finst i mange variantar, noen også for pyntegrønt.
Oftast frå viltveksande felt, men også ein del kultivarar.
Også andre einerartar kan vere aktuelle.
Japanlerk
Larix japonica
Finst også med diverse synonyme vitskaplege namn som
Larix kaempferi og L. leptolepis.
Greiner med kongler kjempefint til dekorasjonar.
Pors
Myrica gale
Viltveksande. God lukt.
Furu-artane
Pinus
Blir brukt ein del 5-nåla furu som t.d. Pinus cembra, Sembrafuru
Vanleg furu, Pinus silvestris, blir ikkje brukt anna enn som juletre
Laurbærhegg
Prunus laurocerasus
 
Flatpil
Salix sachaliensis "Sekka"
 
Vripil
Salix matsudana "Tourtosa"
 
Barlind
Taxus baccata
Både viltveksande og kultivarar.
Vokstuja
Thujopsis dolobrata
Andre tujavariantar/arter ikkje så aktuelle. Veks for sakte til å gi lønsam produksjon og liknar dessutan for mykje på sypress, som veks mykje raskare..

Skulle du ha noen av desse plantene i hagen din, kan dei vere eit godt utgangspunkt for vidare produksjon. I det minste viser dei kva som kan dyrkast der du bur. I tillegg har du eit godt materiale til eigne dekorasjonar!
Er du i tvil om noen av plantene, oppsøk ein planteskole, eit hagesenter eller eit pyntegrøntlag, eller bruk ein god flora.

Kjelder:


Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 18. oktober 2011
Nettside:  www.stuestoel.no