Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

- Småprat om pyntegrønt -

Pyntegrønt har tradisjonelt vore nytta både i sorg og i fest. Det var vanleg å strø opphakka einer på golvet ved gravferder, medan det til fest var vanleg å pynta med barlind, bergflette eller bjørkelauv, avhengig av årstida og geografisk område.   Kristtorn
Krans

I vår tid treng vi også dekorasjonsmateriell, men i motsetnad til i «gamle dagar», må dei fleste nå kjøpa råmateriale eller ferdige dekorasjonar i butikkane. Behovet for pyntegrønt aukar i takt med velstanden og urbaniseringa. Difor er det også aukande behov for at noen kan skaffe nødvendig materiale og at dette er tilgjengeleg for brukarane når det trengst

 

 

Etter kvart som forbruket aukar, blir det også meir og meir nødvendig at alle ledda, frå produsenten til brukaren, har kunnskap om kva som eignar seg til dekorasjonar, juletre osv. i ulike samanhangar. Det blir ikkje sett same krava til eit utandørs juletre som til det treet du skal ha i stova. Krava til ein borddekorasjon på hytta i påska er ikkje dei same som til ein brudebukett.

 

Kvart år

  • blir det brukt omlag 2 mill. juletre i Noreg
  • bruker vi omlag 500 tonn klippegrønt
  • bruker kvar nordmann ca. 0,1 kg klippegrønt
  • bruker kvar danske ca. 2,5 kg klippegrønt
Gran
 
  • Størst produksjon av klippegrønt og snittgrønt på Sørlandet og på Vestlandet
  • Produksjonen av juletre spreidd over heile Sør-Noreg
  • Behovet for klippegrønt er aukande
  • Mest klippegrønt av nobeledelgran
  • Behovet for juletre nokså stabilt
  • Flest juletre av gran, noe av edelgran og ca. 10% furu
  • Finst også eit lite forbruk av einer, kristtorn o.a. til juletre

På desse sidene har vi brukt slik definisjon på pyntegrønt:

  • Pyntegrønt: Alle slag materiale frå naturen brukt til pynt i alle former. Også juletre.
  • Klippegrønt: Bar i hovudsak av gran, edelgran og sypress.
  • Snittgrønt (dekorgrønt): Finare klippegrønt. Også kristtorn.
  • Naturmateriale: Alt anna frå naturen brukt som dekorasjon, trerøtter, mose ....

Andre definisjonar kan du finne på sida med definisjonar.


Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 8. mars 2016
Nettside:  www.stuestoel.no