Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet


 

 


Meny

Utsetting av utanlandske treslag

Frå og med 1. juli 2012 er det innført ein del restriksjonar for utplanting av utanlandske treslag. Stort sett kan du plante som før med omsyn til juletre- og pyntegrøntproduksjon, men må ha løyve frå Fylkesmannen på førehand. For juletre er det laga ein untaksregel slik at regelen gjeld frå 30. september 2012.

Føremålet med dei nye forskriftene er å hindre spreiing av uønskte treslag som kan påverke naturmangfaldet i uheldig lei. Mange av desse treslaga har ei god spreiingsevne og vil etter kvart kunne fortrenge lokal vegetasjon. Eit kjendt døme på dette er sitkagranplantingane på Lista.

For produsentar av juletre og pyntegrønt burde dei nye forskriftene ikkje vere noe stort problem. Dersom ein ikkje slepp juletrea opp, vil bare dei færraste produsere frø. Litt større problem kan det nok bli med trea som blir brukte til pyntegrønt, men heller ikkje her ser eg den store faren for øydelegging av lokalmiljøet. På garden eg bur på har det vore dyrka sypress sidan mellomkrigsåra. Litt naturleg spreiing har det vore, men på ingen måte problematisk. Spreiinga av bøk og gran, som også er innførte treslag her, er faktisk større enn for sypressen.

Forskriftene er etter mitt syn ikkje noe problematiske. Det som kan skape problem er dersom Fylkesmannen legg seg på ei rigid tolking utan omsyn til at pyntegrønt er eit levebrød for noen.

Du kan finne søknadsskjemaet mellom anna her: Fylkesmannen i Vest-Agder


Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 2. september 2012
Nettside:  www.stuestoel.no