Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet


 

 

 
Spirande juletre
(Treet er ein kortnåla variant av gran. Namn ukjent. Opphavet importeret frå Tyskland ca. 1920).

Behandling av juletre

Gran, edelgran og furu

  • La treet akklimatisere seg.
    • Oppbevar treet kjøleg, ikkje i frost, eit par dagar før du tar det inn i stova.
    • Har treet frose, la det få eit par dagar på å tine seg opp igjen.
  • Skjer av eit par cm nedst på stammen. Dette gir tilgang til opne porer i veden alik at det kan suge opp vatn.
  • Sett treet i vatn. Hugs å etterfylle vatn, om nødvendig kvar dag. Uprøvd råd: Ha litt sukker i vatnet som næring.
  • Ikkje la treet stå for varmt, som t.d. inntil panelomn, i straumen frå varmepunpa eller liknande.

Følgjer du desse enkle reglane, bør du kunne ha glede av juletreet gjennom heile jula.

 

Tommelfingerregelen seier at edelgran og furu drys mindre enn gran.
Juletre av kristtorn, einer eller andre treslag må behandlast spesielt. Er du i tvil, så spør seljaren.

Dei fleste juletrea blir hogne først i desember, så har du høveleg lagringsplass, er det like greitt å vere tidleg ute med kjøpet medan utvalet er best.

Kjøper du tre merka og levert av eit pyntegrøntlag, er du garantert kvaliteten. Den viktigaste faktoren for å få eit godt juletre, er produsenten.
Reglane for behandling gjeld likevel!

 
  Tørt juletre

 

Ikkje alltid eg greier å følje reglane sjølv. Dette treet blei henta inn to dagar før julaftan. Eg kappa av dei nedste centimetra av stammen og sette treet i vatn utandørs. (Det hadde vore og var mildt). I løpet av natta bles det overende og vatnet rann ut. Eg trudde det hadde klart seg, noko det tydelegvis ikkje hadde. Tok det ut 4. januar.

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 2. august 2019
Nettside:  www.stuestoel.no