Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet


 

 


Meny

Er pyntegrøntproduksjon noe for meg?

Pyntegrønt er eit landbruks-/skogbruksprodukt og det må såleis setjast same krava til produksjonskontroll, økonomi osv. som til annan produksjon. Skilnaden på å dyrke kål og å dyrke juletre er stort sett omløpstida og krava til jord og klima. Arbeidsmengda er nokolunde det same. Det same er dekningsbidraget, (inntektene minus utgiftene utanom avskriving, jordleige o.l.) som ser ut til å liggja på 3000 - 6000 kr/da/år avhengig av produkt, produksjonstilhøva, og ikkje minst stell.

Reknar du med å kunne plante til eit felt med juletre for så å hente fortenesta om 10-12 år, utan å sjå til feltet i mellomtida, kan du like godt surfe vidare på nettet. Juletreproduksjon er ingenting for deg. Også pyntegrønt treng ei hjelpande hand nokså ofte i produksjonen.

Vurderer du nokolunde seriøst å byrje med pyntegrønt i ei eller anna form, er du derimot hamna på rette plassen. Vi kan ikkje gi uttømande svar på alle emne, men nok til at du eventuelt kan gå vidare med planane. Les alt, eller hopp rundt etter behov.

Det første du bør vurdere er geografien for å finne ut kva slag produkt som i det heile er eigna på det området du har avsett til pyntegrønt. Det meste av snittgrønt eller klippegrønt, kan bare gi lønsam avkastning i dei varmaste delane av landet, dvs. kyststroka på Sørlandet og Vestlandet. (Vekstsone 2-3). Viltveksande planter i området kan vere ein brukbar indikator på kva du kan dyrke. Veks det kristtorn er staden veleigna til det meste. Nesten like gode er område der det veks bøk, hassel og eik. Utanom desse sonene er valet stort sett avgrensa til dyrking av juletre og innsamling av reinlav, lyngsortar m.m. Ta likevel ikkje desse råda for kategoriske. Det finst unnatak.

Når geografiske tilhøve er avklara, blir det neste å velje dyrkingsfelt. Viktig her er å sjå seg ut eit felt som er eller kan bli lett tilgjengeleg med bil eller traktor. Det er ikkje sikkert du er like sprek om 15 år som i dag. Å bere ut 100 juletre eller noen tonn med bar, er ikkje enkelt i ulendt terreng. Feltet skal også stellast fleire gonger i året. Særleg i etableringsfasen er det behov for å få fram både reiskap og anna utstyr. Ein (heilårs)veg er til god hjelp.

Storleiken på feltet er det eigentleg vanskeleg å seie noe eksakt om. Staten reknar 3 da tilplanta kvart år (i 10 - 15 års omløp) som eit minimum for juletre. Ligg feltet greitt til og er skikkeleg arrondert er nok dette ein overkomeleg storleik. Som tilleggsnæring, med eit felt i skog eller utmark, vil noen finne ut at dette er i meste laget. På tidlegare kornåker vil kanskje 10 da vera eit overkommeleg areal. For grovare klippegrønt, t.d. bar av nobeledelgran eller sypress, gjeld vel omlag det same som for juletre. For snittgrønt, dvs. vrihassel, buksbom, variantar av sypress o.l. bør ein nok rekna mindre areal. Desse må stellast omlag som ein prydhage for å gi lønsam produksjon. Til gjengjeld er dekningsbidraget høgare på denne typen produksjon enn for anna pyntegrønt.

For dei fleste pyntegrøntfelta vil nok bekjempinga av ugraset vera det som tar mest tid. Sjølv eit juletrefelt må haldast nokolunde reint for ugras, særleg dei første åra etter plantinga. Periodisk kan også bekjempinga av skadedyr og sjukdommar ta tid. I juletreplantingane må ein også rekne tid til å pynte på trea i oppveksten. Eit ustelt juletrefelt gir kanskje 20% brukbare juletre, medan eit godt stelt felt gir 80% tilslag. Stell løner seg, men tar tid. Som skadedyr i større format må ein også rekne ville hjortedyr. Mange har opplevd å bruke tusenvis av kroner bare for å oppleve at nyplantingane blir elgmat eller feieplassar for rådyra. Bur du slik til, er kanskje viltgjerde einaste løysinga. Sauegjerde i dobbel høgd, eventuelt med noen ekstra ståltrådar på toppen, er som oftast nok.

Når ein endeleg har bestemt seg for produksjon og feltet er opparbeidd og klart, kjem det vanskelege valet av planter. Det enklaste er å oppsøke ein planteskole som har pyntegrøntplanter i sortimentet. Forklar kva du skal bruke plantene til, kva du ønskjer, geografiske tilhøve osv. og skolen vil hjelpe deg til best mogleg plantemateriale. Også pyntegrøntlaga kan ha tilbod på høvelege plantar dersom du held deg innføre dei vanlegaste sortane. Vil du utnytte planter frå eigen skog eller dyrke dei fram sjølv, bør du ha nokså gode kunnskapar for å lukkast. Du kan plante kva som helst, men resultatet er sterkt avhengig av om du treff dei rette sortane. Både pyntegrøntlaga og planteskolane driv forsøk for å finne dei best eigna plantene til ulike behov. I ein tilfeldig vald planteskolekatalog fann eg 36 ulike «variantar» av vanleg gran, Picea abies, for juletreproduksjon. I tillegg kjem alle dei andre tilboda innan granslekta (Picea), og sjølvsagt mykje anna både av lauvtre og bartre.

Eit anna problem innan plantevalet, er å treffa moteretningane fleire år inn i framtida. Kva slag bar sel mest om 25 år? Korleis blir juletremoten om 10 år? Litt trendforsking finst det nok innan dette feltet, men med såpass tidsrom som det her er snakk om, må ein nok satse litt på lukka. Er du medlem av eit pyntegrøntlag, kan du få dei nyaste opplysningane om trendar i marknaden. I tillegg driv ein del av laga påverknad gjennom ymse kanalar for å skape nye bruksområde og moteretningar for pyntegrønt.

Etter noen år med godt stell, avhengig m.a. av produkttype, er feltet klar for første hausting. Nå dukkar nye problem opp. Korleis skal nobelgrana eller sypressen klippast for å gi bar med brukbar pris. Kva krav set mottakaren til juletrea? Korleis i det heile bli kvitt produkta og samstundes tene pengar på produksjonen? For dei fleste er det stort sett eitt svar: meld deg inn i næraste pyntegrøntlag så fort som råd er dersom du ikkje er medlem frå før. For å få lov til å levere, krev pyntegrøntlaga at du kvart år deltar på klippe- og sorteringskurs. Dette for å vere sikre på at medlemmene heile tida er oppdaterte på gjeldane standardar, og at kundane såleis skal få det dei betaler for.


Blei du avskremd?

Det var i tilfelle ikkje meininga med dette kapitlet. Eg ønskjer bare å syne at det å produsere pyntegrønt er, som sagt også andre stader, ei like krevjande næring som andre jordbruksnæringar. Alle veit at den som sår noen mål gulrøter og ikkje ser til åkeren før han reknar avlinga for haustande, vil bli sørgjeleg skuffa over «jordbruket» sitt. Ikkje alle tenkjer over at noe liknande gjeld for pyntegrøntproduksjon. For den som satsar seriøst er det alltid mogleg å skaffe seg ei brukbar inntekt av arbeidet. Ut frå mengdene av småplanter planteskolane sel kvart år, skulle vi hatt eit formidabelt overskot av juletre i heile landet. Likevel har vi altså underskot på juletre. Ut frå ovanståande, skulle det vere mogleg å tenkje seg i alle fall ein av grunnane.


Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 18. oktober 2011
Nettside:  www.stuestoel.no